skuggar skudrar skymt over kloten det røyver seg i alle mørke krikar no tagnar ikkje lenger, held ikkje føremåla lenger løynd skakar hava våre, lagar krasse ringar i vatna da tyder njet tyder fake news tyder sieg heil uroa veks når hissinga pip rundt nova
skjønt, vona dryp som sildrande skjær frå trea, frå mosen, frå lavet, frå fungi, frå insekt, frå kre
skiftande menn’skjenatur er uføreseieleg der traumer har fått råde (kvifor har dei fått råde?)
men dei barkhuda har djupe røter og store, omsluttande, trygge greiner dei har møtt skiftande vindar før
likevel står dei her, framleis støtt — om vi lét dei.